top of page
7421E36D-9F00-45FF-9626-7046E6F01207_1_105_c.jpeg
foto: astrid wilhelmsen

Kollektivet oppstod etter eit ynskje om å skape eigen musikk, utforske nye måtar å formidle på, samarbeide på tvers av kunstfelt og nå ut til eit bredt publikum. Vi er klassisk skolerte og fram til no har vi nesten utelukka blitt introdusert for og spelt musikk skapt av europeiske menn som levde for fleire hundre år sidan. Vi har lært å prøve og forstå kva intensjonar, tankar og kjensler desse komponistane hadde då dei levde, for å gje ei så autentisk framføring av deira verk som mogleg. Denne rolla har vi vakse ut av, og med VRANG vil vi vere skapande kunstnarar, og utforske vår betyding og uante moglegheiter som utøvande musikarar - som ikkje minst innebærer den ansvarsfulle rolla som notida og framtida sine kulturbærarar.

bottom of page